Vassendgutane er klar for spreie julestemning når det både vert familiekonsert og kveldskonsert med bandet på Rokken komande fredag. Det vert både nye og gamle songar, i tillegg til julesongar for å både få store og små i julestemning. Bandet lovar full fart og julestemning.

Det siste albumet «Hesteslepp», som også er utgitt i vinyl, selde til gull på bare 3 dagar, 17000 eksemplar, gjekk rett til topps på VG-lista, og får strålande tilbakemeldingar frå fansen. No har albumet selt til platina. Bandet reiser igjen landet rundt, til stor begeistring frå publikum, og har fylt opp arenaer frå nord til sør. Det er ingen tvil om at Vassendgutane er i slaget om dagen. Med ny buss har dei også litt meir komfort undervegs, som gjer dei lengste turane litt meir behagelege.

Sidan nyttår har bandet fått to nye bandmedlemmer: På steelgitar: Alf Rune Melby frå Skjåk, ein musikar med lang erfaring i countrybransjen, han har også vore med i fleire kjende band. På trommer: Kim Erik Lillestøl frå Sykkylven, som har vore med i diverse konstellasjonar innan både jazz og andre stilarter.