I 2011 gav Egil Olsen ut sitt tredje album, «Keep moving - Keep dreamin». På albumet er songen «Do it yourself», og Olsen hadde planar om å lansere musikkvideo til songen i 2011. Dei første opptaka var gjort, men på grunn av eit datauhell forsvann opptaka.

To år seinare dukka opptaka opp att, og Olsen kunne dermed filme siste del av videoen og ferdigstille den. Videoen er laga av Olsen sjølv.

Til helga spelar Olsen under Vinjerock i Jotunheimen, og neste veke er han å sjå i Ørsta under Sommarljom.