Gjengen bak humorsuksessen Klypa driv i desse dagar øving på hemmeleg stad for å drille inn det nye showet. Og dei som trur alt er rosenraudt når ein skal innfri forventningane til eit stor humorpublikum landet over, tek feil.

– Innimellom mykje moro har vi også hatt dagar med kjefting og kraftige smell med døra. Ja, ein kan seie at vi slåst og leikar om kvarandre. Men det er også slik vi klarer å vere kreative, humrar Klypa-gjengen Knut Steinnes, Hans Vegar Ryste, Erika Krøvel og hovudpersonen sjølv, Thomas Ryste.

Intens

36-åringen driv i desse dagar intens øving, for å lære kva figurane hans, Palle, Strila-Petter og Kjell Kjellen Bigset skal snakke om når eit utselt Ørsta kulturhus 21. september skal ha premiere på det nye Klypa-showet. Samtidig vert det jobba hektisk for å setje saman showet, og å skape ein regi som er mest muleg optimal. Det vert difor terpa mykje på timinga i showet som vert kring ein time og tjue minutt langt.

Som vanleg har Thomas Ryste med seg broren Hans Vegar Ryste og venene Knut Steinnes og Erika Krøvel til å lage videoar og stand-up-manus. Lyd og lys tek Torgrim Skjerdal seg av.

– Det er tre veker før premieren, og det er ei spesiell tid for oss no. Vi jobbar intenst med eit framleis noko uferdig manus der mykje er basert på sjølvopplevde ting, og vi føler vi presset. Men vi håper sjølvsagt vi klarer å levere endå betre enn før, seier Knut Steinnes.

Utselde hus

I 2005 starta Klypa-konseptet. Sidan då har Thomas Ryste erobra heile landet og har hatt utselde hus over alt. No er det tre år sidan siste Klypa-premiere og no er både Thomas og publikum klar for noko nytt. Med tittelen “Seiler i beltestredet” vert ein sjølvsagt invitert til å kike i skap som ikkje er for søndagsskulen. Og om førre Klypa-show gjekk “laaangt over streken”, går ein no endå lenger, insisterer Klypa-teamet. Dei meiner det er viktig å strekkje grenser.

– Vi køyrer same konsept som før. Det er det publikum vil ha. Nøkkelen er gjenkjenning. Vi har hatt fulle hus over alt, og det er ingen grunn til å droppe oppskrifta, vurderer karane.

Sjølv om det vert stand-up, film og musikkbolkar som før, vil publikum også få oppleve fornyingar og ei endå meir profesjonell ramme.

– Heilskapen i showet vert betre, og publikum skal kjenne at dei rett og slett siglar i beltestredet, seier Klypa-skaparane.

Ny figur

Dei kan røpe at det dukkar opp ein ny figur under showet.

– Han er prest, og er meir enn villig til å ta på seg både gudstenester og gravferder som vikar no når Matias Austrheim går av for pensjon, smiler Thomas.

Apropos det geistlege: I nye-showet har Palle starta som likbil-sjåfør som arbeidstrening i regi av Nav. Han likar godt å køyre den amerikanske gravferdsbilen, sjølv om han er noko daukøyrd..

Strila-Petter, med sine spesielle andletsrykningar, mimrar om gamle dagar og plagast med det meste, medan sunnmøres desidert hissigaste, Kjell Kjellen Bigset, m.a. må stelle i stand barneselskap då han ganske så overraskande har vorte far igjen – med kull nummer tre ..

Kulturhuset

Tidlegare har Klypa-showa i Ørsta vore på Rust. No er det altså på Ørsta kulturhus det skjer.

– Årsaka er at showet er laga for ei kulturhus-secne, og det er på kulturhus vi plar spele, fortel Thomas Ryste.

Han og dei andre i Klypa-temaet er sjølvsagt spente på responsen frå publikum.

– Det er alltid spennande å høyre domen etter premieren, der vi får melding om vi har treft blink.

– Er det like kjekt å halde på med Klypa?

– Det har aldri vore så kjekt som no, smiler Knut Steinnes, Hans Vegar Ryste, Erika Krøvel og Thomas Ryste.

Utselt

Premiera i Ørsta 21. september er altså utselt, men der vert det sett opp i alt tre show på kulturhuset. 11. oktober er det Ålesund-premiere i Arbeideren. Deretter vert det speling landet rundt, i fleire år.