SparebankenMøre er i desse dagar på talentjakt. Det skal nemleg delast ut GNISTmørestipend til talentfulle ungdommar i fylket i alderen 15-35 år innankategoriane kultur, idrett og opa klasse.

Talent og haldningar

-Formålet med stipendet er å gi enkeltpersonar som satsar ekstra mykjestimulering for å nå sine mål. For å bli vurdert må ein kunne vise til goderesultat innan sitt felt, samt ha planar for korleis ein skal utvikle segvidare, fortel banksjef Line Wiik Bjerknes.

Mentalent er ikkje nok, som mottakar av GNIST mørestipend må ein også være eitgodt førebilete for andre.

-  Når vi vurderer søkarane snakkar vi også medreferansepersonar og prøver å danne oss eit bilete av korleis dei er sompersonar. Det er viktig for oss at dei som mottar stipendet har gode verdiar oghaldningar som andre kan sjå opp til, held Bjerknes fram.

Karoline fekk 100.000 kroner i stipend

I fjorfekk nysirkusartist Karoline Aamås frå Volda heile 100.000 kroner i GNISTmørestipend. Sidan GNIST-stipendet vart oppretta i 2007 har Sparebanken Møredelt ut nærare 7 millionar kroner til unge talent i fylket.

– Vi heldsjølvsagt eit ekstra auge med dei ungdomane som har fått stipend frå oss. Detvar for eksempel veldig artig å sjå Spellemannsprisen 2013 der alle dei nominertefrå Møre og Romsdal var personer som har fått GNIST mørestipend dei siste åra.Vi har også mange tidlegare GNIST-mottakarar i årets OL-tropp, fortelbanksjefen.

- Gode referansar viktig

Dersom duhar lyst til å søke om stipend, eller kjenner nokon som burde søke, anbefalerBjerknes å gå inn på Sparebanken Møre sine nettsider for å lese meir om korleisein går fram. Ho har også nokre tips til dei som ynskjer å søke om stipend:

- Brukgod tid på sjølve søknaden. Skriv kort og konsist, få fram kva du er god på,kva resultat du har oppnådd, kva mål du har, og korleis du vil jobbe for å nådesse måla. Ikkje minst er det viktig å ha gode referansar, avsluttar ho.

Søknadsfristfor GNIST mørestipend er 1. mars. For meir informasjon sjå sbm.no/gnist