UKM er eit viktig kulturarrangement for born og ungdom, og svært mange av dei yngre profesjonelle kunstnarane vi i Noreg har på eit eller anna tidspunkt vore deltakar på UKM. Det å vise fram eit kunstverk eller stå på ei scene for fyrste gong, kan vera ei svær oppleving for eit ungt menneske, og UKM er eit glimrande forum fordi det famnar så breitt, samtidig som lyd, lys og scene er av profesjonell kvalitet. UKM er meint  å gje eit breitt bilete av det barn og ungdom har på hjartet. Ein kan delta med til dømes musikk, dans, teater, film, bilde, teikning, dikt og noveller, skulptur, web-design, foto, stand-up, kunsthandverk og datakunst.

– Stor glede

– I Ørsta har vi hatt mange flotte kulturmønstringar til stor glede for både publikum og deltakarar, og ungdomsleiaren voner at det blir både mange og varierte innslag å sjå og høyre på Kulturhuset til neste år, slik at det store mangfaldet i kulturuttrykk blant barn og ungdom i Ørsta blir synleg på Kulturmønstringa. Og til dei vaksne som anten er føresette til eller arbeider med born og ungdom mellom 10–20 år: Hugs at det kan vere nødvendig med litt oppmuntring og hjelp til å melde seg på. Sjølv i desse idoltider er det ikkje alle som utan vidare tør å vise fram kva dei kan, og nokon gonger treng ein litt hjelp til førebuing og anna. Då er det godt med vaksne folk som gjer ros og eit venleg skubb i riktig retning, seier Ungdomsleiar Aurora Høegh-Omdal.

Påmelding

Påmeldingsfristen er tysdag 17. januar 2012, og det vil ikkje vere høve til å melde seg på seinare.

Sjølve mønstringa skal gå føre seg på Kulturhuset i Ørsta søndag 5. februar med lydprøve laurdag 4. februar 2012. Ein kan melde seg via UKM sin nettstad. Det har ikkje alltid vore like enkelt å melde seg på, og om ein er usikker på om ein er påmeldt kan ein ta kontakt med Høegh-Omdal.