Lobbyen i Ørsta kulturhus laurdag kveld. Kring førti publikummarar godt oppe i vaksen alder ventar på å sjå den verdskjende songaren Plácido Domingo framføre Verdi sin opera Rigoletto. Men det er ikkje sjølvaste Domingo som har teke turen til vesle Ørsta. Operaen er del av Ørsta kino si nye satsing på å vise verdskjende operaframsyningar på kinolerretet.
Satellittoverføring
Sidan kinoen vart digital i fjor, har nye mulegheiter opna seg for spesielle framsyningar. Kveldens opera er den fjerde som vert synt på kinoen. Denne gongen er det eit ferdig redigert opptak, men tidlegare har det også vorte synt direkteoverføringar frå operahusa.
– Før var ikkje dette muleg. Dette er eit resultat av digitaliseringa av kinoane. Vi får tilsendt ein harddisk med film på som vert lasta inn på framsyningsmaskina, eller vi kan ta i mot live-sendingar via satellitt, fortel kinovert Terje Koppen.
I dag er det stort sett kinoane i byane som har mulegheit til slike overføringar.
– På bygdene er det færre som kan det. Det krev ein del investeringar i utstyr for å nytte seg av live-sendingar, seier han.
Operaframsyningane på kino er lagt opp på same måten som “ekte” framsyningar, med ein tjue minutts pause mellom aktene, der det vert servert snacks og alkoholfritt boblevatn i kinolobbyen.
Fotball og rock
På sikt ser Koppen føre seg å utvide tilbodet til anna enn spelefilmar og operaframsyningar.
– Ein kan nytte utstyret til dømes til idrettsarrangement og konsertar. Eg veit det vert arbeidd med å få til rockekonsertar, og kanskje får vi i framtida sjå cupfinalar og OL-sendingar på lerretet, seier han.
– Det er ein nisje å satse vidare på. Kino er meir enn spelefilm. Med langsiktig arbeid og strategi vil dette verte populært, trur Koppen.
– Skal vi klappe etterpå?
I lobbyen på kulturhuset ventar ein gjeng operaentusiastar på at dørene til “scena” skal opne. Venninnene Anne-Guri Sylte og Anne Marie Øyehaug er spente på korleis det vil verte å sjå opera på kino.
– Det er eit fantastisk konsept. Eg har vore på opera i Verona tidlegare, så det skal verte spanande å sjå det i Ørsta, seier Øyehaug.
– Det er spanande at Ørsta set opp dette, difor må vi støtte opp om tilbodet, Det vert nok ikkje det same som å sjå det i røynda, men det får halde, seier Sylte.
Og sidan handlinga går føre seg på lerretet i staden for scena, dukkar nye spørsmål opp.
– Eg lurer på om vi skal juble, klappe eller sitje heilt stille etter filmen, undrar Sylte.
– Og eg lurer på korleis det følast for songarane å syngje for eit publikum dei ikkje ser, seier Øyehaug.