Dette er fyrste gongen ei slik avsluttande utstilling av heile studentproduksjonen vert stilt ut i andre lokale enn høgskulen sine eigne rom. Lærarane ved studia har fungert som kuratorar, og har gjort utval av arbeid som skal med på utstillinga i tillegg til å komponerer den. Åshild Sævik har ansvar for utstillingsdesignet, og ho har lagt alle planar som gjeld visuell utforming i utstillingsrommet. Laurdag ettermiddag var det offisiell opning av utstillinga for spesielt inviterte gjestar, og med musikk frå Øystein Salhus og Elisabeth Oltedal. Rektor Per Halse stod for den offisielle opninga av utstilling, og påpeika at dei estetiske faga er viktige.

– Høgskulen i Volda ville halde dette med allmenn danning høgt, og då også legge vekt på kunstfaga. Utstillinga her viser ei stor breidde i materiale og teknikkar. Det er ei stor glede å kunne gratulere med strålande arbeid. Denne utstillinga er eit pionertiltak, og det er kjekt at vi kan bruke eit så veleigna hus. Vi vil kunne marknadsføre oss gjennom dette, og gjere studietilboda meir kjende i lokalsamfunnet, sa Halse.

Variasjonen i utstillinga er stor og viser eit godt blanda utdrag frå dette studieåret med m.a. keramikk, trearbeid, portrett, grafisk design, ull og funksjonell design. Frå søndag til og med torsdag er det mogleg å sjå utstillinga av studentarbeidet på Kunsthuset.