I “Folket på Vartdalsstranda” har Olav Sætre samla eit unikt stykkje lokalhistorie mellom bokpermane. Alle som vaks opp på Vartdalsstranda mellom 1934 og 1985 vil truleg finne både seg sjølv og mange kjende andlet, då Sætre har samla alle konfirmasjonsbileta – med tilhøyrande namn – frå tidsperioden.

Sætre byrja sjølv ta konfirmasjonsbilete i 1942, så dei fleste har han teke sjølv. Resten har han fått tak ifrå Riksarkivet i Trondheim, og han har fått god hjelp frå kyrkjekontoret til å få rette namna på alle konfirmantane.

– Den beste dokumentasjonen ligg i alle konfirmantbileta. Eg hadde dei fleste på lager. Om eg ikkje hadde samla dei i ei bok, hadde dei kanskje vorte spreidde for alle vindar, seier forfattaren.

I tillegg til den omfattande samlinga konfirmantbilete, inneheld boka ei rekkje bilete frå dagleglivet, natur og bygningar langs Vartdalsstranda. Sætre fortel at boka er laga som ein hyllest til dei eldste kvinnene på Vartdalsstranda.

Sætre har arbeidd med boka sidan i fjor. Han har ikkje fått tilskot til arbeidet, som har vorte finansiert av eiga lomme. Tidlegare har han gitt ut ei anna bok om Vartdal, med fokus på fiskeri og arbeidsforhold.

“Folket på Vartdalsstranda” er å få kjøpt på Skipsen på Vartdal og hos forfattaren.