Vassendgutane har bestemt seg for å slå på stortromma når dei om kvelden 17. mai leiger Kiwihallen til konsertscene. Når Ørsta endeleg har fått storstova på plass, skal ho brukast, meiner gutane.

– Sist vi var i Kiwihallen var det svært vellukka. Det var mykje betre lyd enn vi hadde drøymt om. Og denne gongen er hallen enno betre, for sist gong var det berre grusdekke, seier Sindre Aam.

Det vert denne gongen berre «vaksenkonsert» om kvelden, for dei ønskjer ikkje å øydeleggje for aktivitetane på bygdene på dagtid.

– Når toga er ferdige, er det kultur for at folk reiser heim til sine grender og deltek på aktivitetar. Så møtes ein heller att om kvelden til ein god, gamal 17. mai-fest.

Oslo Spektrum i mars

Denne veka hadde Vassendgutane møte med manager Alf Aarseth frå Flan booking for å planlegge konsertåret 2014. Konsernmøte, som dei kallar det.

Etter heile 18 år med speling, er det enno stor interesse for å booke spelemennene frå Åmdalen. Høgdepunktet i år vert i mars, då dei skal varme opp for Brad Paisley i Oslo Spektrum 22. mars, framfor ti tusen publikummarar.

– Eg er veldig stolt av å ha fått til dette, og at det faktisk var vi som vart kontakta med førespurnad om å spele. Dette set verkeleg Vassendgutane på kartet når det gjeld livespeling, seier manageren.

Groupies

Som seg hør og bør for eit stort band, har dei også ein trufast kjerne med blodfans.

– Nokre har vore på meir enn 200 konsertar, og følgjer oss den dag i dag, seier dei.

– Ein gong kom det ein bil fullstappa av kvinnfolk som hadde køyrt frå Toten til Vesterålen for å gå på konsert. Ein annan gong kom det eit par køyrande frå Karasjok til Fagernes.

– Og dei hadde ikkje billettar ein gong! Seier gutane.

– Så er det ein del ørstingar som kjem på konsertane. Av og til dukkar det opp 5–10 kjende personar som bur på hotell. Det synest vi er triveleg.