Om desse bøkene er mykje sagt og meir skrive i mange artiklar og lange tekstar. Mindre har interessa vore for det han las og det han sjølv hadde av bøker.

Ivar Aasen levde sitt liv i skrift, og då blir boksamlinga hans viktig for å forstå det han gjorde. Der er både dei bøkene ein ventar å finne hos ein slik kar, men også skrifter som overraskar. Dessutan er det noko merkeleg med heile denne samlinga hans av bøker. I bokhistoria om Ivar Aasen er det noko som ikkje stemmer.

Laurdag 30. juni er Ottar Grepstad komen til det fjerde av i alt fem illustrerte foredrag om Ivar Aasen.

Foredragsserie i fem delar

Dette er det fjerde av ein serie illustrerte foredrag under fellestittelen Dette er Ivar Aasen:

2009 - Kvardagane

2010 - Reisene

2011 - Menneska

2012 - Bøkene

2013 - Verket