– Dette er ein auke i utlånet på 1,8 prosent frå 2014, eller 768 fleire bøker, fortel biblioteksjef Birgitt Barstad Sørheim.

I 2014 gjekk utlånstala noko ned grunna nedlegging av bibliotekfilialane på Sæbø og Vartdal, så auken for sentrumsfilialen i fjor kjem godt med.

Skjønnlitterære barnebøker er det som vert mest lånt ut. Her er talet 14.026, og dei mest populære er «Dustedagbøkene» av Rachel Renèe Russel for barn/ungdom, og for dei minste: «Venner» som er ti bøker basert på barnekonvensjonen.

Også Karsten og Petra-bøkene av Tor Åge Bringsværd står høgt i kurs hos dei minste.På topplista til dei vaksne ligg Trude Teige si «Jenta som sluttet å snakke» og Gunnar Staalesen si «Ingen er så trygg i fare». Også her er det skjønnlitteraturen som toppar utlånet, med 12.976.

Meir enn bøker

Folkebiblioteket i Ørsta gjer meir enn å låne ut bøker. Dei har stort fokus på å engasjere barn og unge, og inviterer til alt frå lesestunder til forfattarbesøk, lesekonkurranse, adventsstund og gründercamp. Barnehagar og skular er flittige brukarar av biblioteket. Også for dei vaksne er det mange tilstellingar, med aktuelle foredrag og forfattarbesøk.

Sidan oktober har dei også vore arena for samtalegrupper i samarbeid med Ørsta opplæringssenter, der det vert lagt til rette for ein uformell prat mellom flyktningar og frivillige ørstingar.

– Dette har gått over all forventning, med svært godt oppmøte av ørstingar, rosar Barstad Sørheim.

Få tilsette

Oppgåvene er altså mange. Det er utfordrande, fortel biblioteksjefen.

– Vi har berre 2,1 stillingar, og har vanskar med å gjennomføre alle oppgåvene som biblioteklova pålegg oss. Det fjerde største biblioteket i fylket ligg snart på jumboplass i stillingsprosent, fortel ho.

Ho er tilsett i 100 prosent stilling. I tillegg har dei ei 80 prosent stilling og ei 30 prosent stilling.

– Det er eit framtidsønske frå oss, at vi får meir personale. Elles ønskjer vi oss større og meir sentrale lokale, mellom anna for å kunne innreie eit ungdomsrom. Det ønskjer vi oss veldig. Det er veldig greitt å vere i same hus som kulturhuset, men med inngang vekk frå «verda» er dette eit minus.