Det er første gongen den nybygde Kiwi-hallen vert teken i bruk, og då med ingen ringare enn Åmdalen sine store søner Vassendgutane som trekkplaster.

– Vi trur dette kjem til å verte ein heidundrande fest. Det plar det alltid verte når det er slike arrangement i Ørsta. Då møter folk opp, seier Kamilla Skjong Kalvø i arrangementskomiteen.

Innspurt

Dei siste dagane har det vore svært hektisk aktivitet for å få alt på plass før konserten. Entreprenørar har vore i sving med det siste grunnarbeidet, elektrikarar har kopla opp straum og alarmar og dugnadsgjengen frå fotballgruppa Ørsta IL har stått på for å ta seg av alt den ikringliggjande organiseringa av ein slik fest.

– Det har vore enormt bra innsats frå folk som har stilt opp. Elektrikarane har arbeidd overtid for å verte ferdig. Også K.A. Aurstad og mange fleire skal ha skryt for arbeidet dei har lagt ned, seier Stein Aam.

No er han spent på kor mange som vil ta turen innom hallen laurdag.

– Førehandssalet har gått bra. Nokre plassar har vi måtte supplere med billettar, seier han.

Pylse og brus

I hallen er det laga til 600 sitjeplassar i tillegg til dansegolvet.

Først på dagen vert det familiekonsert som er open for alle, medan det vert vaksenkonsert og dans seinare på kvelden, med sal av mat, øl og vin.