– Den 30. oktober startar vi ved Coop Extra i Furene og haudelyktturen går til Høgetua på Hovdeåsen, seier leiar Bente Iren Bjørndal.

I haloween-helga vil det også henge litt refleksar og kanskje ei lita maske langs stien til Høgetua.

– Vi kallar det for Skummeltur, og vi spelar litt på haloween, men det er ingen som skal verte redde på turen.

Mange deltok på turen i fjor, og trimgruppa har von om at det vert enno fleire i år.

– Når vi kjem fram så vil det vere ei lita overrasking til alle som er med. Alle må ha med haudelykt, og bruke kle og sko etter vêret. Vi ynskjer å gjere noko litt annleis, og dette er ein flott moglegheit til å ta med barn, barnebarn, nevøar eller nieser på tur.

Trimgruppa har i år hatt ekstraturar i samband med at det er Friluftslivet år, og aktiviteten har vore stor.

– Det vert fest/årsmøte på Ørsta kulturhus den 15. november med premieutdeling og god mat.