– Vi kunne sikkert selt ut ein konsert til, seier Ola Perry Saure, som for høvet er ikledd gul vest og er stilt opp som dørvakt.

180 førehandsselte billettar i ei bygd med 120 innbyggjarar. Folk stilte opp for Bjørke.

– Det er kult at dei gjer dette på Bjørke. Det er eit stort løft for bygda, og er med på å bygge sjølvkjensle og identitet, seier, Jørn Kippersund.

Han er oppvaksen på Bjørke, og tok turen frå Volda for å få med seg konserten.

Sjarmerte

Frå scena serverte Nordstoga og Bratland lun humor og lun og stemningsfull musikk saman med bassisten Johannes Lundberg.

– Her har eg faktisk aldri vore før, seier Odd Nordstoga, og haustar latter.

– Det er jo eigentleg ein stad som er best synleg frå lufta, held Nordstoga fram.

– Men like fullt så er det likt heimafrå.

Krinkelkrokar

Nordstoga og Bratland har gjort det til ein sport å besøke så mange «krinkelkrokar» dei kan for å halde konsert og presentere sitt felles album «Heimafrå». Som namnet tilseier er det eit album med musikk som artistane har henta frå folkemusikktradisjonen i heimbygda Vinje i Telemark.

– Ei stor konsertoppleving i kulturbygda Bjørke, konkluderer ein annan publikummar, Sigrid Hoslemo Myklebust.

Dei som ikkje fekk med seg konserten på Bjørke får ein ny sjanse på Ørsta kulturhus førstkomande fredag.