– Vi gler oss og oppmodar folk i regionen om å vere med og lage besøket til ein folkefest, samstemmer det lokale arrangørlaget.
Denne gjengen gler seg stort til besøk av NRK og KORK, og håpar mange vil bli med på dugnadslaget. Bak f.v. Leif Ringstad og Kristine Brungot frå kulturkontoret i Ulstein og koordinator for Ulstein Jan Thormodsæter. Framme f.v. Annika Brandal frå kulturkontoret i Ulstein og koordinator for Ørsta Rebecca Riise Bjerknes. Ikkje til stades: Jostein Mo, kulturkontoret i Ørsta.