15. mai opnar Volda Kunstlag og Ørsta Kunstlag felles salsutstilling på Kunsthuset i Ørsta. Bileta er frå kunstsamlingane til begge laga.
– Det vil vere mykje spennande på veggene, og vi rår folk til å ta turen innom Kunsthuset, seier Lise Sande i Ørsta Kunstlag.
Utstillinga vil henge i begge etasjane, og det er gratis inngang.
Samanslåing
Volda Kunstlag og Ørsta Kunstlag har starta ein prosess med samarbeid som er ønska å munne ut i samanslåing av laga.
– Skal vi henge med i tida og ha ressursar til å setje opp spennande utstillingar og arrangement, er samanslåing både positivt og framtidsretta. Vi trur at det å løfte felles er lettare og kan gi nye idear og perspektiv på det å drive kunstlag i dag, seier Sande.
Kunsthuset i Ørsta er ikkje berre for utstillingar – der har og vore bl.a. bokslepp, foredrag og konsertar.
– Vi ynskjer at Kunsthuset skal vere mykje i bruk til forskjellige kunstrelaterte aktivitetar. Og det mange ikkje veit, er at det faktisk og er mogleg å leige Kunsthuset! Det er berre å ta kontakt for informasjon, seier Sande.
For å fylgje med på kva som skjer på Kunsthuset er det berre å gå inn på nettsida til kunstlaget: www.orstakunstlag.no.