Nokre få som vende seg dei siste to vekene, måtte ballettskulen diverre seie nei til på grunn av fulle klasser på det trinnet dei yngste. Fordelinga er ganske lik mellom kommunane Ørsta og Volda, og nesten alle bygdene har elevar i skulen, fortel styreleiar og rektoransvarleg, Synnøve Rekkedal Hill.

Ho fortel at det alltid ei stor utfordring å lage timeplan for ballettskulen når ein må ta omsyn til tre ferjer og deira avgangstider, bussruter, når skulane sluttar, kva tid foreldra er ferdige på arbeid, dei yngste kan ikkje ha for tidlege eller for seine tidspunkt.

– Men også i år ser ein ut til å kome i mål, men det er umogeleg å tilfredsstille alle ynskja, seier Rekkedal Hill.

All undervisning til Ørsta

Dei siste åra har ballettskulen hatt tilbod ein dag i veka på Uppheim for dei yngste jazzelevane frå Volda. Slik vert det ikkje til hausten. Det er to grunnar til det.

– Volda kommune har diverre ikkje økonomi til å støtte ballettskulen med å betale dei ekstra kostnadene skulen har ved å leige studioplass i Volda, samstundes som skulen har stort flott studio ståande tomt i Ørsta med løpande utgifter på. Dessutan vart det mest umogeleg å få til ein timeplan med undervisning på to plassar. No vert timeplanen lagt slik at dei yngste med lang reise, slepp å reise fleire gongar i veka. For elevar frå Volda som elles ville hatt undervisning der, vil tidene for undervisning verte tilpassa slik at foreldra er ferdige på arbeid, samstundes så det ikkje vert for seint. Studio i Ørsta er stort og flott med venterom for foreldra, slik vert tilbodet betre både for dansarane og foreldra, fortel Rekkedal Hill.

Melding om opptak

Styreleiaren arbeider no med legging av timeplan og oppsetting av kartotek, og så snart det er ferdig, vil brev eller e-post om skuleplass verte sende ut.

– Men sidan skulen framleis vert driven på frivillig basis, vert dette fyrst om lag 10. juli. Då vil timeplanen også ligge på heimesida til ballettskulen, opplyser Rekkedal Hill.

Skulestart

Ballettskulen tek til att 20. august.

– Eg vil som styreleiar ynskje alle tidlegare og noverande elevar god sommar, og eg vonar mange finn vegen til danseframsyninga no onsdag 27. juni på Ørsta kulturhus. Det er den contemporaryelevane skal til Aberdeen med i august, opplyser Synnøve Rekkedal Hill.

Styreleia Synnøve Rekkedal Hill i Ørsta og Volda ballettskule.