Det seier Nils Taklo som kommande helg har offisiell sesongopning av galleriet sitt på Sæbø. I 30-åra har den tidlegare ordføraren i Ørsta vore aktiv og laga måleri. Motiva i bileta til Taklo er henta frå Sunnmøre med både fjell, fjordar, båtar og bygningar frå Norangsdalen, Hjørundfjorden, Volda, Fosnavåg og Ålesund.
– Det er mange ikoniske motiv, og no skal eg ut og jakte etter nye motiv. I haust reiser eg og Åshild til Toscana i Italia i fjorten dagar for å finne nye motiv. Vi har vore der tidlegare, men no vert skisseblokka og fotoapparatet med. Det karakteristiske ved området er vinmarkene, gamle byar og smale og tronge gater i t.d. Sienna, seier Taklo.
Kunstnaren ser ikkje vekk frå at det i haust kan bli ei eiga avdeling med Toscana-bilete i galleriet som ligg i det gamle kommunehuset på Sæbø.
– Ørsta kommune skal levere bygget over til nye eigarar, og eg kjem til å halde fram med å vere her. Det er unge eigarar og eg er veldig optimistisk for framtida til huset her, og glad for at eg får vere her vidare.
Taklo får mange spørsmål gjennom eit år om lån av bilete til sjukeheimar, restaurantar og bedrifter frå heile Møre og Romsdal.
– For meg er det viktig å få det ut slik at folk får sjå det eg lagar.
I fjor vart Taklo kontakta King Goya Art frå Østfold.
– Dei ville gjerne ha 5–6 bilete som eg hadde laga. Denne bedrifta sel bilte på nett på m.a. t-skjorter, og då kan eg vere i Sør-Europa og sjå nokon med mine bilete på t-skjorta.
Ifølgje kunstnaren er interessa for måleria hans aukande. Galleriet held ope gjennom heile året etter førespurnader, men i sommarhalvåret legg både turistar og lokale turen innom for å kjøpe og sjå på bileta til Taklo.
– Då eg var politikar brukte eg å gå ned i kjellaren då eg kom heim att og måle i ein times tid. Då slappa eg av, i tillegg til at stress og negative tankar vart lagt til sides. Kunsten har vore veldig positiv for meg psykologisk. Då eg vart pensjonist auka mi eiga interesse for kunsten, og eg målar litt kvar einaste dag. Eg gjer alt sjølv, og kunsten er blitt min livsstil, seier Taklo.