Sjølv om vêret og temperaturen ute ikkje tilseier at det snart er jul så var det mange som fann julefreden og julestemninga i Ørsta kyrkje fredag kveld. Til applaus frå ei mest fullsett kyrkje ynskte organist og pianist Marie Austrheim Riise og sopran Karen Rosenberg Olsen velkomne til klassisk julekonsert.

– Det er veldig kjekt at så mange er her, og vi håper at det vert ei flott stund, sa Austrheim Riise.

– Det vert litt julemusikk, og mykje vakker musikk, sa Rosenberg Olsen før konserten starta.

Den klassiske julekonserten har vorte ein tradisjon for både dei involverte og publikum. Dei siste åra har Austrheim Riise og Rosenberg Olsen hatt med seg ein gjest, og i år var det Heidrun Ose på bratsj. Som tidlegare år var det eit variert og innhaldsrikt program med musikk frå Johann Sebastian Bach og Johannes Brahms til Leonard Bernstein. Konserten vart avslutta med «O Helga natt» og ekstranummeret «Glade jul», og fortent applaus frå publikum.