Komande torsdag og fredag skjer det mange i Volda har lengta etter: Klypa kjem til bygda.

Thomas Ryste har med seg Kjellen og alle dei andre figurane når han kjem med showet Klypa seiler i beltestredet.

Showet hadde premiere i Ørsta, og har sidan vore land og strand rundt. Mellom anna var showet nyleg i Molde, der det vart teke godt i mot.

Klypa sjølv kallar hendinga for «verdspremiere i Volda» når grannebygda no får vitjing. Showet er på Rokken, og framsyningane er altså torsdag og fredag.

Det nye Klypa-showet fekk gode meldingar etter premieren, og det har vore godt sal på framsyningane.