På Ørsta Samfunnshus vert det i haustferien halde datatreff for ungdomar på 13 år og oppover. På nettsida til datatreffet, www.moduslan.tk, er det moglegheiter for å bestille tredagarspass og sjølv velje sitjeplass på bordkartet. På nettsida står det forklart korleis ein melder seg på og betalar.

Meir enn 90 ungdomar har allereie meldt seg på, og om ein vil ha god plass er det lurt å bestille raskast mogleg. Lokalet er stort, og datatreffet skal ta i bruk heile festsalen på Ørsta Samfunnshus. Det vert til saman 120 sitjeplassar i festsalen.

Godt planlagt arrangement

Det store datatreffet vert arrangert av klasse 3MK på Volda Vidaregåande Skule.

Elevane starta planlegginga for ModusLAN i august. Heile medieklassa skal delta på datatreffet, og det er sett opp vaktliste som klassa skal vere med å gjennomføre.

Gjennom planlegginga har det vore mykje fokus på tryggleik, og difor vil det vere minst fem vakter til stades gjennom heile perioden. Vaktene går også gjennom branntryggleik, og passar heile tida på kor mange som er i bygget. Elles skal det skal også vere servering av mat, drikke og anna godt i kiosken som held til i festsalen.

Prisar

Eit tredagarspass kostar 300 kroner og eit dagspass kostar 80 kroner. Med tredagarspasset får ein full pakke med sitjeplass, nett og straum. Med dagspasset får ein eit opphald som varar dagen ut, utan sitjeplass og datatilgang. Dagspasset kan du få kjøpt i døra.

Sosialt tiltak

ModusLAN skal vere eit kjekt og sosialt samvær der folk kan møtast og dele speleopplevingar dei har.

Ein har sjansen til å bli kjende med mange nye folk som eig same speleinteressa som nettopp deg!

Premiar med høg verdi

Ein kan vinne premiar om ein når heilt til topps. Det blir arrangert fleire konkurransar på forskjellige nivå. Premiane er av høg verdi og god kvalitet. Blant anna kan du vinne det trådlause headsetet med 7.1 surroundlyd, Logitech G930. Det er mange fleire premiar på lager.

Raskare nettverk

I fjor var det problem med nettet under arrangementet, men i år har Tussa lova dobbelt så bra nett både opp og ned. Alle håpar på at nettet vil halde seg oppe, og at det ikkje blir noko problem med tilkoplinga sjølv om det er mange brukarar.