Volda mållag ynskte å gje abonnement på Norsk Barneblad til alle elevar i 4. klasse i Volda kommune for skuleåret 2022-23. Situasjonen for ungar og ungdom som har nynorsk som sitt hovudmål er i dag særs utfordrande, sjølv i ein nynorskkommune som Volda, skriv mållaget.

Når Volda mållag no fekk 12.000 kroner i TEFT-stipend frå Sparebanken Møre kunne prosjektet realiserast.

-Språk og identitet «Språk er ein viktig del av identiteten for mange, og det å opparbeide seg eit sikkert skriftspråk er ein av grunnsteinane i å verte trygg på seg sjølv og si eiga uttrykksevne» hevdar styremedlem Jorun Marie Kvernberg. «Nynorsk som skriftspråk er også med på å styrke ungar og ungdom si evne og moglegheit til å bruke eigen dialekt. Både i den nye digitale fritida og i den nye digitale skulekvardagen, er nynorsk ei stor mangelvare. Det gjer at ungar i alt for liten grad blir eksponert for det nynorske skriftspråket.» Kvernberg er sjølv mor til to, og engasjementet for det lokale nynorskarbeidet vart vekt nettopp då den eldste vart skulegut hausten 2019.

Norsk Barneblad.

Oppfordrar foreldre og besteforeldre

Norsk Barneblad er eit magasin på nynorsk for born som finst på papir, men også digitalt for abonnentane. Bladet kjem med 11 nummer i året, og kvart nummer er bygd opp kring eit hovudtema, t.d. insekt, søppel, frø, hjernen, robotar osb og er retta mot aldersgruppa sju til 12 år. Vidare har bladet faste spalter med vitsar og gåter, tre ulike teikneseriar, kryssord, hobbytips med meir.

-Vi utfordrar foreldre, besteforeldre og andre til å gje eit abonnement på Norsk Barneblad til borna sine. Dei treng gode tilbod på nynorsk no, lesestoff som fengjer, pirrar leselysta og gir leseglede, seier lærar og tidlegare leiar i Volda mållag, Anne Steinsvik Nordal.

Banksjef Mette Ryste frå Sparebanken Møre gler seg over prosjektet som Volda mållag set i gang: «Vi ser at Volda Mållag gjer ein viktig jobb for å fremje nynorsk lokalt. Det nynorske språket er viktig for identiteten vår, og med god opplæring og godt lesestoff er det enklare å halde på det nynorske skriftspråket.