Torsdag morgon samla tre elevar frå medielina seg i fotostudio på Volda vidaregåande. Eit av dagens mange gjeremål: bluescreenfotografering med ein av rolleinnehavarane. Det er under ei veke til premieren på «Moulin Rouge», og Tor Henrik er spent.

– På ein skala frå 1 til 10 ligg eg akkurat no på ein niar, seier Tor Henrik.

Bluescreen-fotograferinga skjer på ein blå vegg som under redigering kan erstattast med ønska bakgrunn.

Tor Henrik er leiar for FX-teamet under årets musikal. Dei har ansvar for digitale kulisser og visuelle effektar under framsyningane.

– Ein del av dette er hemmelegstempla. Eg tek ikkje sjansen på å få lærarane på nakken ved å avsløre for mykje.

Den blå bakgrunnen blir retta på, kamera blir montert på stativ, blitzar blir stilt opp, døra til fotostudioet blir lukka, lyset blir skrudd av og rolleinnehavaren som skal fotograferast er på plass.

Gjengen i klassa har arbeidd med å få lyset klart, og fått filma dei bileta som trengst.