Rundt tretti aktørar er i sving på og utanfor scena under årets Vartdalsrevy. Revyen er den tiande i rekkja, og som tidlegare er det Rune Aarseth som står for mykje av materialet.

– Vi fokuserer ikkje på vår eiga bygd, og innhaldet er meir vidt enn som så. Alle har utbytte av å kome og sjå årets revy, og publikum vil kjenne seg att i situasjonar spelt ut på scena, seier revysjef Hans Petter Aarset.

– Eg har hatt eit skriveprinsipp i heile mitt liv, og det er at eg ikkje let det gå utover folk. Enkeltpersonar styrar vi unna, og det er den billegaste forma for humor som finst. Sparkar vi oppover så er det minst ved ordførarnivå, og slik er det ikkje denne gongen. Det er eit godt prinsipp at vi gjer det slik, og det vert vel teke imot, seier Aarseth.

– Kor mykje tid går med til skriving på ein revy?

– Det går eit par månader. Songane er det som tek mest tid, og i årets revy har vi tolv songar. Så har vi rundt femten nummer. Det er ei utfordring å finne melodiar til songane, og eg vil ikkje bruke melodiar som har blitt brukt før. Det er Vartdal Frilynde Ungdomslag som står som arrangør. Premieren er allereie utselt, men det vert fleire moglegheiter til å sjå årets revy. Noko som er ekstra gledeleg for revygjengen er at det har kome til fleire unge som vil bidra.

– Det er vi veldig glade for. Det har ikkje vore utskifting, men det er nye som har kome til. – Med tanke på åra som kjem så er det alfa og omega at det kjem til nye, seier Aarset.

Bandet til årets musikal er det same som i fjor med Thomas Vinjevoll på gitar, Kai Robert Vartdal på tangentar, Karl-Johan Vartdal på trommer og Levi-André Leite på bass/kapellmeister.

– Vi er heldig som har med oss same gjengen som i fjor. Vartdalsrevyen legg opp til ein humoristisk kveld neste laurdag, men det vert også tid til ettertanke.– Det skal ikkje berre vere galskap, og det må vere noko til ettertanke.

Fram til premieren vert det øvingar kvar kveld på Soltjeld for Vartdalsrevyen. Hovudskribenten vil ikkje røpe for mykje om kva som ventar publikum.

– Vi kan seie at vi har fått med oss saka om ungar i kommunestyret, og så skal vi hjelpe VØR litt med sortering av avfall.

<strong>Instruksjonar:</strong> Skribent Rune Aarseth instruerer skodespelarane under øvinga søndag kveld.