Kyrkjerådet vedtok i 2003 at det skulle setjast i verk ein vesentleg reform av Den norske kyrkja sitt gudstenesteliv. Både liturgi, tekstbok og salmebok skulle endrast.

– No er vi midt inne i denne prosessen i kyrkjelydane våre både i Ørsta, Vartdal og Hjørundfjord. Kyrkjelydane får med denne reforma meir fridom til å prege det lokale gudstenestelivet, noko som tyder meir variasjon, seier kantorane Marie Austrheim og Ray Weber.

Den nye ordninga opnar for større breidde i det musikalske uttrykket i gudstenesta. Kyrkjelyden kan no velje liturgisk musikk innanfor ulike sjangrar som nyare rytmisk populærmusikk, gregoriansk musikk, folketoneinspirert musikk, nyare klassisk kyrkjemusikk – eller den musikken som har vore i bruk sidan 1977. Det ligg føre om lag 20 liturgiske «sett» med musikk til dei faste ledda i gudstenesta, som kyrkjelyden kan velje mellom.

– Kva tonespråk skal vi nytte i gudstenestene? Kva liturgisk musikk kan fungere i vår kyrkjelyd? Vil vi halde fram med å nytte den liturgiske musikken vi har i dag eller vil vi fornye oss? Vi har den siste tida prøvd ut ulike musikkseriar på gudstenestene. Vi vil også prøve ut nye musikkseriar denne kvelden. Vidare vil det vere rom for å diskutere kva erfaring ein har frå dei utprøvde liturgiane, seier Austrheim og Weber.

På liturgikvelden i Ørsta kyrkje inviterer kantorane sokneråda og kyrkjelydane i Ørsta, Vartdal og Hjørundfjord til å vere med og prøve ut ny liturgisk musikk, syngje i lag, stille spørsmål og engasjere seg.

– Alle som har interesse og engasjement for gudstenestelivet og musikken i gudstenestene våre er hjarteleg velkomne komande tysdag kveld i Ørsta kyrkje, seier dei to.