Det seier Terje Aarset. I desse dagar gjev han ut Symra på nytt. Det er ei bok både med og om Symra. Den fyrste delen i boka er den nye utgåva av sjølve diktsamlinga Symra, men i tillegg har Aarset og medforfattar skrive fleire artiklar om Symra, om dikta, språket, tonane til songane og mykje meir.

Aasen-tunet

Søndag fortel han om boka i samtale med Terje Kjøde, til musikalsk tonefølgje av Roar Goksøyr Lillebø i Ivar Aasen-tunet.

I tillegg til dei opphavlege dikta er det ei rekkje tekstar i den nye utgåva som kastar lys over Symra som litteratur. Boka fortel om Jakob Kobberstad, som stod for notetillegget i 1875-utgåva, Aasen i songbøkene og Aasen-dikting på plate. I samtalen mellom Aarset og Kjøde får publikum mellom anna høyre om språket og musikken, om dei ulike utgåvene som er komne sidan 1863, og om Aasen-dikt i omsetjing.

Opnar for nye tankar

Terje Aarset si nye utgåve av Symra har ny notesats, for første gong på over hundre år. Notesatsen er ved Bård Dahle. Illustrasjonane til fleire av dikta er overraskande og kan opne for nye tankar hos lesaren.

Symra handlar om landet, historia, tradisjonen, årstidene og menneskelivet. Her er dikt om naturen, arbeid, kjærleik, klokskap, sanning, tilgjersle, tru og von.

Dikta skulle syngjast, og mange var dikta til kjende tonar. Den mest kjende songen i Symra er «Mellom bakkar og berg», ein av dei få songane nordmenn flest kan utanboks, og av mange rekna som Noreg sin andre nasjonalsong.

Symra er vårblomen som varslar sommar. Diktsamlinga Symra, som Ivar Aasen gav ut anonymt i 1863, bar òg bod om ein nasjonal sommar i åndslivet og ein ny litteratur i den språkforma Aasen skapte, nynorsken. Symra er ei klassisk bok i norsk litteratur.

Tre og eit halvt år

Det er tre og eit halvt år sidan Terje Aarset kom på ideen om å gje ut ei ny utgåve av Symra, og han lufta tanken for fleire han kjende. Responsen var god, og Aarset tok til med arbeidet vinteren 2010.

– Det har vore eit krevjande arbeid, og mykje er nybrotsarbeid. Mellom anna er for fyrste gong grammatiske merknader til dikta med, og det vert gjeve ordforklaringar, fortel Aarset. Målet hans var å få boka ferdig til 2013, 200 år etter at Ivar Aasen vart fødd, og 150 år sidan den fyrste utgåva kom.

Rikt illustrert

Boka er rikt illustrert, og mykje arbeid har gått med til å finne gode illustrasjonar. Nokre av bileta i boka er heilt nye. Dei illustrerer dikta i Symra, og mellom anna er det eit bilete teke frå Slogen av Gunnar Wangen. Det illustrerer «Nordmannen» eller «Mellom bakkar og berg».

I tillegg er det mange illustrasjonar som er av eldre dato, mellom anna framsider av ymse utgåver av Symra. Her har Aarset vore grundig, og han sende mellom anna skriv til ei rekkje bibliotek kring om i Norden for å høyre om dei hadde Symra-utgåver frå 1922. Her fekk han respons frå biblioteket i Århus i Danmark som kunne hjelpe til.

– Det syner kor viktige offentlege bibliotek er. Det er utruleg viktig at slike bøker og samlingar vert tekne hand om av dei offentlege biblioteka, og ikkje vert liggjande i private samlingar. Då vert dei ikkje tilgjengelege for forsking, seier Aarset.

Presentasjon

I Aasen-tunet vil Terje Kjøde ha ein samtale med Aarset om boka og om arbeidet med Symra. Der vil fleire spennande nyhende dukke opp. I tillegg vil det verte vist bilete frå boka på storskjerm, og Roar Lillebø vil spele nokre av dei mange tonane som er laga til Aasen-dikt.

– Berre bileta er verdt turen åleine. Dei er veldig gode, og gjer seg på storskjerm, seier Aarset.

Takksam for tilskot

Han rettar ei stor takk til dei som har gjort utgjevinga av Symra mogleg.

– Ikkje minst gjeld det offentlege institusjonar. Eg vil rette ei særleg takk til Høgskulen i Volda, Norsk kulturråd og Språkåret 2013, seier Aarset.

Boka er utgjeven på Fagbokforlaget, og fyrste opplaget er trykt i eit eksemplar på 1.500.