– Det gjekk bra, og det vart faktisk betre oppmøte enn forventa då eg såg vêret laurdag. Det vart ikkje noko sal no, men det hadde eg ikkje forventa, for folk må også tenkje seg litt om, seier Rønning.

– Gode tilbakemeldingar

I vel tjue år har Rønning måla, og hobbyen har vorte ein livsstil. No hadde han eit ynske om å dele arbeidet sitt med publikum, og difor vart det laga til galleri i kjellaren på bustadhuset. På opninga likte dei rundt hundre besøkjande det dei fekk sjå.

– Tilbakemeldingane på måleria har vore gode, og det var dei også på galleriet. Det har ein litt gammal og røff stil, og er litt annleis enn andre galleri. Sjølv er eg godt nøgd med opninga.

Det var 24 bilete som var utstilt under opninga med m.a. naturmotiv og abstrakte motiv. Utstillinga vil endre seg undervegs, og opningstidene i det nyopna galleriet vil også variere.

– Eg har laga skilt som vil verte sett ut når det er ope. Eg vil sjå det litt an med når det er ope, og det vil også vere litt vêravhengig, seier Rønning.

– Mange som kjem langs vegen

Gallerieigaren ser også fram til to månader med vitjing frå Hurtigruta til Urke.

– Det vert spennande, men her er også mykje forbireisande som kjem med ferja. I tillegg til at det mykje folk som syklar. Eg trur det faktisk er like mange som reiser forbi Urke landvegen som det er gjestar som kjem med Hurtigruta, seier Rønning.