Under Noregs Mållag sitt landsmøte i helga, fekk Jostein O. Mo utdelt eit stipend på 50.000 kroner. Det skal han bruke til å hjelpe lag og organisasjonar til å få lovene på nynorsk.

Mo fekk overrekt stipendet frå leiar i Noregs Mållag, Håvard Øvregård. Også Merete Bratsberg Aae frå Averøy på Nordmøre fekk overrekt stipend. Ho får stipend til å lage ein felles sidemålsblogg der ungdom kan bidra og skrive om tema som ungdom er opptekne av.

Kulturdepartementet

Noregs Mållag har sidan 2007 delt ut to stipend kvart år, på 50 000 kroner, etter ei gåve frå Kulturdepartementet til 100-årsjubileet vårt i 2006.

Overfor Mo påpeikte mållaget at stipendvinnaren vil gjere eit viktig arbeid på eit felt der nynorsken ikkje har vore så synleg. Mo har lang røynsle frå dette feltet, og har sett eit behov som han har god kompetanse til å hjelpe med.

Lang erfaring

Han vil altså hjelpe frivillige lag å få lagslovene sine på nynorsk. Mo meiner dei fleste frivillige organisasjonar ikkje har mønstervedtektene sine for lokallaga på nynorsk. Jostein Mo har arbeidd med dette før. Han er tidlegare styreleiar i Møre og Romsdal Idrettskrins, og har i over 15 år vore med i lovutvalet i Norges Idrettsforbund. Han har tidlegare omsett lovnormene for idrettsråd og idrettslag.

I arbeidet ser vinnaren føre seg at ein skal kontakte eit utval frivillige organisasjonar på landsplan med tilbod om å hjelpe fram nynorsk omsetjing av møtevedtekter. Dette kan formidlast til lokallaga ved hjelp av heimesider og/eller elektroniske meldingar, jamstilt med tilsvarande vedtekter på bokmål. Planen er å gjere dette for minst 10 organisasjonar/forbund.

Juridisk ordliste

Prosjektet kan òg utarbeide allmenne lagsvedtekter på nynorsk som skal formidlast gjennom Noregs Mållag sine heimesider. Og Mo vil laga ei ”juridisk ordliste” for friviljuge organisasjonar der vanlege formuleringar frå organisasjonslivet på bokmål vert jamstilte med nynorske. Han ser for seg å kunne vere litt rådgjevar for dei som vil arbeide fram lagsverktøy på nynorsk.

– Med si breie røynsle og spennande prosjekt trur me Jostein 0. Mo gjennom dette stipendet kan få til nynorsk på eit felt som mållaget sjølv har ynskt å ta tak i ei stund, og ikkje minst på eit felt der nynorsken i dag er svært vantande, heiter det frå mållaget.