Mykje folk møtte fram, mange av dei under kategorien seniorar, for å riste litt på raua, slå av ein prat med kjende – og sjølvsagt høyre god musikk.

Og når Five o'clock Soul med sine botnsolide, lokale soul- og fusionheltar, og Bob Barker Bluesband, den kongeblå utgåva av karane i Sunnmøre Baarelag, denne gongen med innlånt besetning, stod på scena, var det grunn til å spisse øyrene sjølv om det måtte blåsast littegranne rusk av maskineriet.

Nilsen

Folk lytta og folk dansa og folk likte seg. Ikkje minst då munnspelvirtuos Totto Nilsen frå Haugesund entra scena, litt kvitare i håret enn sist, og strålande krydra Kyrre Grimstad & Co sine Keith Richards-inspirerte tonar så det smakte betre enn dei beste krumkakene ein kan oppdrive nord for Stad.

Og då 30-årsjubilanten «Blide Mannj» kom som ein dessert eller kvilerett, var det mang ein «blide mannj so sto der nedpå golvet».