For andre året på rad vart Storm 4H sin haustfest lagt til Ørsta bedehus. Etter øving måndag, generalprøve på programmet og oppsetjinga av utstillingar tysdag, var det klart for fest onsdag.

Artig program

Festen starta med eit friskt og artig program som inneheldt to sketsjar, tre musikkinnslag og eit herleg danse og songinnslag av "The Fox". Under framføring, av denne populære slageren, kom 4-H-gjengen første inn i lokalet på lang, lang rekkje medan publikum nynna jenka-melodien. Alle hadde på seg masker eller øyre av ulike slag. Så slo dei seg lause til revesongen.

Mat og lodd

Etter underhaldninga var det mat. Alle foreldra hadde kjøpt eller baka, og festlyden kunne velje mellom lekre smørbrød og kaker.

Då folk hadde fått servert seg ein eller to gonger, tok loddsalet til. Hovudgevinsten var ei flott fruktkort. Både før og etter maten kunne folk studere alle dei flotte utstillingane som stod langs eine veggen.

Plakettnåla

I år var det 22 born og ungdom som stilte ut prosjekta sine. Det var mange ulike emne alt frå "Friluftsliv", "Kanin" og til "Litt om meg sjølv og andre".

Alle deltakarane fekk godkjent sitt prosjekt, og fekk merke etter kor mange år dei hadde delteke. Det var 4-H-instruktør May Britt Skjortnes og ordførar Rune Hovde som delte ut merka og vurderingane til alle utstillarane.

Ida Ertesvåg og Elin Kalvatn Moe stilte ut for sjuande og siste gong. Dei fekk plakettnåla haustfesten. På eit eige arrangement for heile Møre og Romsdal skal dei også få eit vitnemål.

Til dei trufaste "veteranane" så Skjortnes dette:

– Vitnemålet kan de vise fram når de skal søkje på jobbar. Då ser dei at de har vore stabile og uthaldande, sa ho.

Kanin og friluftsliv

Ein av utstillarane i år var Kristoffer Klemetsen 12 år. Han hadde laga prosjekt om kaninar. Med seg på festen hadde han med den 3 månader gamle kaninen, Brownie, som er av rasen Fransk veddar.

– Kva likar du med 4H?

– Det er sosialt og ein blir kjend med andre, seier han.

Victoria Engeset på 14 år hadde i år valt Friluftsliv som prosjekt. Det er tredje året ho stiller ut, og difor fekk ho gullmerket.

– Kvifor valde du dette temaet?

– Fordi eg likar å vere ute i naturen, fortel ho. Victoria har både padla, drive med symjing ute og gått i fjellet.

– Det høgaste fjellet eg fekk gå på aleine her i Ørsta var Saudehornet, opplyser Victoria.

Godt miljø

Klubbrådgjevar i år er Solveig Kalvatn. Ho fortel at 4-H-klubben i Ørsta har møte om lag ein gong i månaden. Årsmøte har dei i november, og det nye 4H-året startar i februar.

– Dersom nye har lyst til å bli med passar det godt å byrje i februar, informerer ho.

Kalvatn fortel vidare at medlemene synest det er aller mest stas å vere ute på møta, og at dei har eit godt og inkluderande miljø i klubben.

Victoria Engeset hadde arbeidd med temaet Friluftsliv.