Prisen for Årets nynorskbrukar vert delt ut til institusjonar eller personar som gjer det enklare for andre å vere nynorskbrukar – enten ved å arbeide aktivt for nynorsken eller ved å på ulike måtar gjere nynorsk meir synleg i samfunnet.

I år ser dei særleg etter personar eller institusjonar som inspirerer born. Det kan vere alt frå artistar og forfattarar til nettsider eller kanalar på sosiale medium.

Tidlegare vinnarar inkluderer mellom andre klimaforkjempar Gaute Eiterjord, Ringstabekk skole og barnebokforfattar Maria Parr.

Fristen for å føreslå kandidatar er 1. februar 2023.

Prisen vert delt ut under Festspela i Aasentunet i Ørsta 8. juni 2023. Vinnaren får tildelt 100.000 kroner.

(©NPK)