– Svaret er ganske enkelt. Eg har følt ein nær slektskap til musikken hennar over mange år, og sunge mange av songane hennar. No følte eg tida var inne for å lage ein eigen konsert med songane hennar, svarer Rita Eriksen når Møre-Nytt spør om kvifor ho har laga ein heilt eigen konsert dedikert til Eva Cassidy.

Slektskapet mellom Eriksen og Cassidy kom til syne allereie før gullstrupen frå Rogaland visste om den amerikanske songaren.

– Eg spelte inn «The Water is Wide lenge før eg visste om Eva Cassidy. Det var først seinare eg fann ut at ho har laga ein vakker versjon av den songen, fortel Eriksen. Eriksen er kjent for ei rekkje soloinnspelingar og for mange samarbeid med andre artistar.

Ho er kanskje aller mest kjent for innspelinga av «Tir n´a Noir» saman med Vamp. Men no er det altså Eva Cassidy det handlar om for Eriksen.

Cassidy-misjonær

– Cassidy har selt til saman 10 millionar plater før og etter ho gjekk bort, men likevel så møter eg mange som aldri har høyrt om henne. Eg ser på meg sjølv som ein slags Cassidy-misjonær. Ho fortener å bli hugsa, sjølv om ho gjekk bort i alt for ung alder.

Den amerikanske songaren døydde av kreft berre 33 år gammal, men musikken hennar har berre vorte meir spelt etter at ho døydde. Cassidy skreiv ikkje songar sjølv, men er kjent for tolkingane sine innanfor blues, country, gospel og jazz, til dømes «Over the Rainbow», «Fields of Gold» og «Autumn Leaves», «Time after Time» og «What a Wonderful World».

Søndag

– Eg vil sjølvsagt synge dei kjente songane som folk kjem på konserten for å høyre, men også meir ukjente perler frå katalogen til Cassidy. Ho har mange spesielle arrangement, og var ein meister på å gjere songane til sine eigne, seier Eriksen.

Ho har spelt i Ørsta tidlegare, men kan ikkje hugse kva tid.

– Eg gler meg uansett til å kome med denne konserten, og håper på ei god mottaking. Rita Eriksen spelar på Ørsta kulturhus førstkomande søndag.