– Interessa er stor allereie, og vi håpar på fulle hus. Alle er hjarteleg velkomne, og vi oppmodar danseglade folk om å ta turen, seier leiar Frode Aarseth i ungdomslaget.

Crashville gleder seg til å stå på scena, og ser fram til ein skikkeleg bygdedans.

– Vi prøvar å få opp att dansekulturen dram i dalane, og det skjer altfor sjeldan, seier Øystein Nybø.

Førre gong ungdomslaget arrangert dans var i påska for to år sidan. Då var det fullt hus, og dei ynskjer å få i stand fleire arrangement.

– Det er noko som er etterlyst og sakna på bygdene, seier skrivar Hilde Yksnøy.

– Vi er klare for å skape god stemning og levere god musikk. Å spele opp til dans er noko av det kjekkaste vi gjer, og det er kjekt å kunne bidra, seier Nybø.

Ungdomslaget er svært godt nøgde med at Crashville hadde mulegheit til å spele.

– Så store som dei har vorte så er vi glade for at dei kan stille opp og støtte ungdomslaget, seier Aarseth.

Det er travle tider for Crashville. Den 26. februar er bandet invitert til Nitimen i NRK. Der skal dei spele, i tillegg til å snakke om m.a. samarbeidet med Liv Marit Wedvik. 27. mars gjestar dei God Morgen Norge på TV2.

– Dansen i Follestaddalen vert ei skikkeleg oppvarming før dette, seier Nybø.

Crashville spelar til dans i Follestaddalen samfunnshus 22. februar. Her saman med Liv Marit Wedvik. Foto: Marta Lystad Johansen