I september tok Kjersti Eide Torstrup over soknepreststillinga etter Matias Austrheim. Arvtakaren til stillinga er ei kvinne med brei røynsle frå både teologi, terapi og undervisning.

Torstrup er utdanna prest, og vart ordinert i Stavanger domkyrkje i 1992. Ho har hatt prestevikariat i fleire kyrkjelydar i Stavanger, og har vore studentprest ein periode. I tillegg har ho vidareutdanning i pedagogikk og nordisk, og har undervist i religion og etikk, samfunnsfag og norsk.

For femten år sidan starta ho sitt eige firma med familieterapi og parsamtalar. Dette har ho drive med dei siste ti åra.

Variert og utfordrande

Då soknepreststillinga i Ørsta vart lyst ut tidlegare i år, såg ho mulegheita til å kome tilbake i presteyrket att.

– Eg hadde lenge tenkt på å arbeide som prest igjen. Det er eit veldig variert og utfordrande arbeid. Ein treff mange spanande folk som er i alle fasar i livet, både dåpsforeldre, konfirmantar, skuleborn og eldre. Det er flott å få vere med å feire og markere viktige hendingar i folk sine liv, seier Torstrup.

– Korleis vert det å kome tilbake etter ti år?

– Det som er spanande no, er den nye gudstenestereforma, innføring av nye salmebøker og mykje nytt og anna spanande vi må halde oss til.

Frå hybel til prestegard

Torstrup tok til i stillinga 1. september. Då prestebustaden var under oppussing, måtte ho den første månaden bu på hybel i kjellaren på folkehøgskulen

– Det var heilt greitt, men det vart litt av ein overgang å flytte inn i prestegarden. Han er stor. Eg har enno ikkje fått fylt opp alle romma, seier Torstrup.

Elles har soknepresten brukt tid på å sjå seg om i heile kommunen, vitje alle kyrkjene og helse på kollegaer og kyrkjelyd.

– Det som er fint med Ørsta er at her er mykje som skjer og mange kulturtilbod. Kyrkja er ein viktig kulturell møteplass for folk, og eg har eit inntrykk av at folk i Ørsta er glade i kyrkja si og ønskjer å bruke henne til mange ulike arrangement.

Leita etter svar

– Når bestemte du deg for å verte prest?

– Eigentleg var det journalist eg ville verte. Eg har alltid likt å skrive, ta bilete og snakke med folk. Men etter kvart vart eg meir og meir nysgjerrig på teologien. Eg hadde mange spørsmål, og tenkte eg kanskje fekk fleire svar om eg studerte. Eg fekk mange svar, men også fleire spørsmål, seier Torstrup, som har både ein morfar og onkel som arbeidde som prestar.

– Eg tenkte det kunne vere eit spanande yrke, og litt etter kvart vart det til det.

Dialog

– Er det noko spesielt du vil arbeide med og setje fokus på som prest?

– Eg prøver å vere der folk er. Eg vil følgje opp planane og tankane om kva tilbod ein skal ha i kyrkjelyden. Samstundes tenkjer eg det hadde vore spanande å få i gang temakveldar for vaksne. Det er mange spanande tema ein kan ta opp. No har vi fått ein ny kyrkjesal under kontoret her som vi vil bruke meir. Komande måndag kjem det til dømes ein tidlegare buddhist som skal snakke om korleis han vart prest. Eg meiner fokus på dialog er viktigare enn kva som skil ulike grupperingar, og eg trur på ei opa og inkluderande kyrkje, seier ho.

Fargerik

– Bjørn Eidsvåg vert kalla rockeprest. Kva type prest vil du seie at du er?

– Eg er meg sjølv. Midt i landskapet. Men ikkje nøytral. Eg har lyst til å vere fargerik. Samstundes vil eg vere i dialog. Eg har lyst til å tenkje høgt saman med folk. Å ikkje ha fasitsvaret på alt, men kunne stille spørsmål saman med folk. Eg likar veldig godt når eg har god tid til å førebu preika, stille ein del spørsmål og utfordre folk til å tenkje. Å setje ord på livet og få folk til å kjenne seg att i det som vert sagt, trur eg er viktig. Å gjere forteljingane i Bibelen livsnære. Å gje glimt av håp. For dette livet går ikkje alltid på skinner. Då er det viktig å kunne gå saman med dei som slit. Det er kvar sin gong. Det handlar om å vere medmenneske, seier Torstrup, som gjennom både prestestillinga og terapiarbeid har lytta til mange historier og fått brei røynsle med samtalar og sjelesorg.

– Det å få gå nokre steg saman med folk er veldig givande, men også krevjande. Det er eit veldig meiningsfylt arbeid.

Reise og kultur

– Kva gjer du når du ikkje er på jobb?

– Eg er litt urban. Eg likar godt å kome meg ut på byen av og til. Så likar eg å sjå nye plassar og reise. Eg har eit lite hus i ein fjellandsby i Spania. Der kan eg sitje på takterrassen og sjå ut over og drøyme. Og så likar eg å gå på konsertar, teater og sjå gode filmar, seier den nye soknepresten.