I gymsalen på Vikemarka skule er det stor stemning. Frå høgtalarane ljomar «Macarena» på full guffe, og ein stor gjeng med 1. og 2. klassingar, dressa opp i ein stor variasjon av kostyme, dansar rundt med eit stort smil om munnen.

– Det har vore det kjekkaste hittil i dag, å danse, seier Kristine Eirin Julibø, for høvet utkledd som heks.

Det var også laga til catwalk slik at alle fekk vise fram dei flotte kostyma sine.

Katta i sekken

Mari Øyehaug meiner det var kjekkast å slå katta ut av sekken, kanskje mest fordi det kom noko godt ut av det.

– Slå, slå, slå, slå, katten ut av sekken nå!

Og etter tre til fire forsøk revnar papirkatten, og golvet vert fylt av karamellar.

Dei avslutta også feiringa med ein skikkeleg pølsefest.

Karneval

Det er altså ikkje ein heilt vanleg skuledag, men tradisjonen med karneval har vorte eit fast innslag i februar.

Opphavleg handlar karneval om ein fest før faste. I Nord-Europa er karneval stort sett synonymt med maskeball, og ofte utan noko samanheng med den kommande fastetida.

Når det gjeld katta ut av sekken skal det frå gamalt av ha vore tradisjon for å stenge ein katt inne i ei tønne, for så å slå på tønna til den sprakk, og katten forskremt slapp ut. Den som fekk inn siste slaget var vinnaren.