I eit gult hus midt mellom hotellet, barnehagen og skulen i bygda, har Hjelmeland og familien slått seg ned. Å busetje seg på Sæbø har lenge vore målet, men det skulle ta fem år før det vart nådd.

– Eg har budd på Sunnmøre i fire år, men har prøvd å kjøpe hus på Sæbø i fem år. Huset vi kjøpte var omtrent det første som kom ut for sal. Vi har tidlegare leigd hus på Ose og på Håvoll, medan vi har venta på at det skulle kome eit ledig hus på Sæbø, seier Hjelmeland.

Toppturar

Nærleiken til fjell og sjø, eit område med stort potensial for flotte toppturar, og ikkje minst trivelege fastbuande, var avgjerande for at Hjelmeland og familien valde Ørsta og Sæbø som bustad.

– Kona har fått ein bra jobb på sjukehuset i Volda, og for gutungen vår er det fantastisk å vekse opp i ei lita bygd med ein liten, men stor nok skule. Så er det noko med stemninga i bygda. Det verkar som det er mykje optimisme, tiltakslyst og stoltheit blant dei som bur her. Bygda har eit aktivt idrettslag, og folk i alle aldrar er med og tek i eit tak. Eg kom på hels med mange folk lenge før eg flytta hit, seier han.

Han er ein fjellets mann, Hjelmeland. Halve livet har han brukt til å gå på fjelltindar og snøbrear i innland og utland. Heilt frå han var femten år var det Bergführer han skulle verte. Som nittenåring hadde han vorte både klatre- og breinstruktør, og i 2006 kunne han endeleg titulere seg som internasjonal Tindevegleiar/Bergführer.

I dag er Hjelmeland medeigar i firmaet Norgesguidene, som har 25 tilsette. Som tindevegleiar består arbeidet av å lose små turgrupper trygt rundt i fjellheimen, på jakt etter opplevingane kundane måtte ønskje.

– Arbeidet varierer frå sesong til sesong. Sommarstid er det mykje klatreturar og bratte fjellturar. Her i området vert det gjerne Bladet og Kolåstinden, men også plassar som Slogen. Det er og mange føringsturar der vi berre går i dalane. Eller at vi berre går i fjøra og lagar bål, et olbogeskjel, fiskar og har det triveleg, fortel Hjelmeland.

Turane er ofte skreddarsydde, der kundane sjølv kjem med ønske om å gå spesielle plassar eller gjere noko dei har hatt lyst til lenge.

– Om nokon har ein draum om å gå på ski frå Ørsta til Romsdal, kan vi kanskje få til det. Eller om ein berre vil køyre i finsnø i Sunnmørsalpane, så ordnar vi det.

God arbeidsplass

Oppdraga kjem gjennom firmaet Norgesguidene, som vart skipa for tretten år sidan av seks tindevegleiarar som ville skape ein god arbeidsplass.

– Det å vere førar var ofte eit einsamt arbeid, der ein gjekk i kvar sine område med sine standardfjell og brear. Det var lite kontakt med kollegaer og lite fagleg utvikling. Norgesguidene vart skipa for at vi skulle få kollegaer. Tanken er at vi kan skaffe arbeid til dei som ønskjer det, seier Hjelmeland, som kom inn på eigarsida i 2006.

– Har fjellføraryrket endra seg opp gjennom åra?

– Då eg byrja med dette for femten år sidan, bestod ein typisk arbeidsdag for ein fjellførar i å halde kurs. Vi held framleis mykje kurs, men det har vorte meir gaiding. Det er fleire som har forstått at om ein har avgrensa med tid, vil ein kome raskare til fjellområda og finne dagens beste snø om ein har med ein førar. Då slepp ein å gjere seg kjend i området på førehand. Mange vil også ha med førar på grunn av tryggleiken, og fordi ein kjem seg på turar ein ikkje ville ha kome seg på utan å vere lokalkjend, seier Hjelmeland.

Han fortel at turguiding er ein bransje i vekst, og at firmaet no får fleire førespurnader enn dei kan ta på seg.

– Og eg trivst veldig godt i yrket. Eg har mange gode kollegaer, og er på tur med trivelege folk. Dei som går på tur er alltid i godt humør og har overskot, for dei gjer noko dei har lyst til. Det er ein plussaktivitet, seier tindevegleiaren.

– Korleis ser du på Hjørundfjorden som opplevings- og turmål?

Vil ta av

– Eg trur det kjem til å ta fullstendig av. Det er ingen grunn til å tru at vi ikkje kjem til å ta att både Lyngen, Lofoten og Voss kjapt. Men Sunnmøre har ein del å arbeide med. Mellom anna er det katastrofalt dårleg utbygd kollektivtransport. Det er vanskeleg for både studentar og andre som ønskjer å gå på tur frå A til B, då ein er avhengig av å kome ned att til bilen. Andre plassar, t.d. om ein går frå Strynefjellet til Sognefjell, kan ein lettvint hoppe på ein buss på andre sida og ta han tilbake att. I Hemsedal er det gratis kollektivtransport mellom hotell og skisenter. Det same har ein i alpane. Det fungerer kjempebra, og fører med seg mykje positivt. Noko må gjerast på dette området her lokalt, seier Hjelmeland.

– Er Hjørundfjorden særleg kjent utanfor Ørsta kommune?

– Nei, han er ikkje veldig kjent. Han er kjent blant dei som har sett seg mest inn i det. På mange måtar trur eg det er bra, for i det store og heile er vi ikkje klar til å ta i mot folk. Til dømes er det lagt for lite til rette for parkeringsplassar til fjellturar. Noko av det viktigaste er at vi framleis har eit tilbod om skyssbåt, at vi legg til rette med kollektivtransport, at vi får eit skisenter som held opne sju dagar i veka, og at vi gjer eit arbeid med sommarstiane. Mange av dei er gjørmestiar om sommaren, og mange er for bratte til at dei er trivelege å gå opp og ned i. Lite arbeid skal til for å betre dei, seier Hjelmeland.

Potensial

Han ser likevel eit stort potensial i området, som allereie har det meste på plass.

– Det er ingen plass i verda som har så store og lett tilgjengelege alpine fjell. At vi har ein bilveg i botnen av kvart fjell, er heilt fantastisk. At det i tillegg finst eit fungerande system med båtskyss, er heilt unikt, seier tindevegleiaren, som stortrivst i sin nye bustad på Sæbø.

– Sæbø er stort nok til at det skjer ting, samstundes som det er lite nok til at det er oversiktleg og behageleg. Eg trur det innan få år bur fleire tindevegleiarar her.

Tindevegleiar Sverre Hjelmeland på tur.
Kvanndalen er ein av destinasjonane Sverre Hjelmeland tek med turistane til. (Foto: Sverre Hjelmeland)
Slogen. (Foto: Sverre Hjelmeland)