Berit Opheim Versto, Åsne Valland Nordli og Benedicte Maurseth hadde samarbeidd to og to før dei fann i lag alle tre på albumet Fodne ho svara stilt, som kom ut i 2008. Her framførte dei folketonar samla inn av Geirr Tveitt. På konserten i Aasen-tunet får publikum høyre utdrag frå plata, men også andre melodiar som Tveitt både samla inn og skreiv sjølv, i tillegg til andre religiøse folketonar og slåttemateriale. Sigbjørn Apeland på trøorgel har lenge vore med i dette samarbeidsprosjektet, som har utvikla seg konsert for konsert.

– Vi har utvida repertoaret litt sidan plata kom. Vi jobbar fram arrangementa i lag, og legg mykje vekt på å improvisere kring songane, seier Benedicte Maurseth.

– Vi likar å utvikle konsertprogrammet vårt og har også tenkt på å få skrive noko spesielt for oss. Men noko nytt album har vi ikkje planar om med det første. I og med at improvisasjon er viktig, trur eg framføringane våre blir best med eit aktivt lyttande publikum til stades, seier ho.