Norsk Countrytreff på Breim i Sogn og Fjordane har for andre år på radinvitert til talentkonkurranse innan countrysjangeren. Etter festivalen fekkknutepunktstatus er det i større grad heilårsaktivitet i organisasjonen, medtalentutvikling som eit av satsningsområda. – Vi vil rekruttere til sjangeren,både musikarar og publikum. Med å arrangere talentkonkurranse klarer vi å gjerebegge deler. Vi gjev talentfulle musikarar og vokalistar ei scene å stå på, ogvi gjev publikum ei mulegheit til å høyre allsidige innslag  frå talent i alle aldrar, seier prosjektleiarKristin Sandal i Norsk Countrytreff.

Egil Ove Tvergrov frå Sæbø er ein av dei 20 finalistane som er blittplukka ut til å opptre under finalen laurdag 1.mars på Sandane.

Stor breidde

Det er stor breidde i både låtval og alder på årets finalistar. Denyngste deltakaren er kun 11 år og den eldste er 59 år. Alle skal opptre med einlåt kvar og desse er no registrert inn til Norsk Countrytreff. – Vi vil høyrekjente songar frå store internasjonale artistar og nokre frå mindre kjenteartistar.  Vi ser at nokre vel melodiarfrå andre sjangrar som dei har gjort om til ein country versjon og nokre harvalt å opptre med sjølvkomponert musikk. Her er alt lov! Så lenge dei held segtil country sjangeren i framføringa, legg Sandal til. Og med denne variasjoneni låtval vil publikum få ein variert konsert.

Også geografisk er det stor spreiing, med åtte fylker representert. –Det er naturlig at det er flest bidrag frå Sogn og Fjordane, og halvparten avfinalistane er frå eige fylket. Men det er svært gledelig å sjå at så mange fråandre deler av landet har sendt oss bidrag. Og så er det altså 10 av finalistanesom kjem frå andre stadar seier Kristin Sandal.

Vinnarane ser vi igjen tilsommaren

Finalen vert delt i to klassar; over og under 20 år. Dei yngste skalførst ut, og dei 11 deltakarane i denne klassa har sine framføringar før detvert ein pause i programmet. Då vil juryen gjere sine vurderingar. Etter pausener det dei over 20 år sin tur før det vert ny jurypause. Vinnarane i beggeklassar vert kåra til slutt i programmet og det er flotte premiar som ventardei heldige. Det vert delt ut stipend til dei tre beste i kvar klasse påhenholdsvis 3-,5- og 10 000,- Dei som stikk av med førsteplass i begge klassar,vil også få mulegheit til å opptre under årets festival på Breim. – Underopningskonserten i 2013 hadde vi med oss dei som kom på andre plass i finalen,då vinnaren ikkje hadde mulegheit til å delta. I år vil vi gje vinnarane i begge klassane mulegheit til å delta pådenne konserten, som er torsdagskveld under festivalveka, i tillegg til sjølvehovudarenaen.

Fleire arrangørar i salen

Men deltakarane under finalen kan også bli lagt merke til av andre ennNorsk Countrytreff. I juryen for kvelden sit booking ansvarleg i NorskCountrytreff, Nils R. Sandal, festivalsjef for Country Festivalen Skjåk, LenaMelby og den veletablerte countryartisten og låtskrivaren Tore Andersen. Isalen kan også andre som har interesse av å finne nye talent sitte. – Dagen førtalentkonkurransen arrangerer vi i samarbeid med Sogn og Fjordane Fylkeskommuneog Gloppen kommune eit seminar for arrangørar. Nokre av dei som deltek på denne,vil bli igjen for å få med seg talentkonkurransen. Så her er det fleirearrangørar enn oss som står bak konkurransen som, ser talenta opptre.

Det er gratis for publikum å få med seg denne store konsertkvelden iTrivselshagen laurdag 1.mars.