57 førskuleborn frå Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta tok måndag turen til barnevernet sine lokale i Volda rådhus.

– Vi fann ut at vi trengde litt kunst og fargar på veggane. Då var ingen betre å spørje enn barnehagane, og dei er ekspertar på dette, seier Cecilie Almestad. Brynhild Solvang, som er leiar for det interkommunale barnevernet i Ørsta, Volda, Ulstein og Hareid, ynskte barnehagane velkomne, og opninga av utstillinga vart feira med bollar og saft.