Husflidskonsulenten Randi Hole fortel at det å lage utstillingar av gamle klede ikkje er vanleg.

– Det er veldig positivt at det vert arrangert slike utstillingar. Denne seier mykje meir enn kleda sine fargar og former. Den fortel om ulike tidsepokar, motar og snitt, seier Hole.

Husflidskonsulenten er vidare oppteken av å formidle at den immaterielle kulturarven også er viktig. Det vil seie kunnskapen knytt til korleis ein lagar ting og historia rundt denne prosessen.

-I Unescokonvensjonen 2003 har Noreg ratifisert at vi skal arbeidet med dette, opplyser husflidskonsulenten.

Hole finn utstillinga svært spennande.

– Synnøve har stor fagkunnskap og kleda er flott laga, seier Hole og legg til at mange av dei kvinnene som vaks opp i hennar tid var veldig fagleg flinke. Det var ikkje berre ein hobby for dei, seier ho.

Kjolety kjøpt på Sæbø i 1947

Kleda på utstillinga er frå 1930–50. Mange av stoffa har Synnøve vove og farga sjølv. Eit av tya laga ho som 10 åring. Det var til ein lysegrå kjole med knappar.

Då Synnøve var 18 år gjekk ho i sylære hos Margit klepp i Volda.

– Margit sydde klede til folk. Eg sydde mange knapphol i Volda denne vinteren, fortel ho.

Men det var på Møre ungdomsskule ho lærte å sy fine knapphol.

– Møre ungdomsskule gav meg grunnlaget for å kome inn på Industriskulen i Oslo, informerer Synnøve.

På utstillinga var der også eit solliv og shorts laga av stoff kjøpt på Årsetbutikken på Sæbø.

– Dette var det første stoffet det var mogleg å få tak i etter krigen, fortel den dyktige sydama.

– Kva synest du om å stille ut her, Synnøve?

– Kjempeartig. Eg beundrar meg sjølv fordi eg har teke vare på så mykje, smiler ho.