I to puljer song og spelte kor og korps inn jula i kyrkja søndag, og det var eit vidt spekter av innslag publikum fekk servert. Frå sarte barnetonar frå Volda og Ørsta korskule, til flott brassmusikk i regi av Dalane skulekorps og Austefjord hornmusikk, for høvet slått saman til eitt korps. Med Christmas Swing og Mitt hjerte alltid vanker fekk dei også trampeklapp i lønn frå publikum i kyrkja.

Julemagi

Sokneprest Kjersti Eide Torstrup heldt andakt. Ho snakka mellom anna om at det er viktig, i den hektiske julestria, å finne tid til å tenne lys i mørkret og håpe på gode ord og opplevingar.

- I jakta på den store julemagien treng vi ord og musikk som varmar, sa ho.

Litt av magien fekk publikum oppleve i kyrkja.

Mange gjekk i kyrkja søndag for å få med seg litt julestemning heim. Her er det Ervingen som syng. Foto: Janne-Marit M. Falch
Sokneprest Kjersti Eide Torstrup. Foto: Janne-Marit M. Falch