Like lenge som Lions Club Ørsta har eksister,t har dei gjeve ut Ørstakalenderen. Kvart år i månadsskiftet november-desember kjem kalenderen ut, og i år er det ikkje noko unntak.

– Dette er den 33. årgangen av kalenderen, og det er vi stolte av. Av bileta som er i årets kalender er her mykje frå Ørsta sentrum, Svendsengarden, klassebilete, fotballaget til kommunestyret i Ørsta og meir til. Sidan Staurset hadde 100-årsjubileum i fjor har vi også valt å markere det, seier leiar for kalenderkomiteen Fredrik Christian Langlo.

Populær kalender

Ørstakalenderen er populær, og i år er opplaget på 850.

– Folk må vere tidleg ute, og det er mange som samlar på dei. Vi har prøvd å spisse innhaldet litt meir i år, og det er både gamle og litt nyare bilete. Det eldste er frå 1924, og det nyaste frå 1980-talet, seier Langlo.

Salet av Ørstakalenderen har starta, og medlemmene i Lions Club Ørsta vil stå rundt omkring i Ørsta sentrum i tida framover. I tillegg vil dei gå roder i sentrumsområda, og den vil vere å finne i fleire butikkar.

– Det å gå roder starta vi opp med i fjor, og vi gjorde oss gode erfaringar i fjor. Det er fleire som kanskje ikkje kjem seg så ofte ut, men dei får moglegheita til å få Ørstakalenderen i hus når vi kjem på døra. Så det kan vere lurt å ha ein hundrelapp liggjande klar, seier Langlo.

– Inntektene frå Ørstakalenderen går utelukkande ut til gode formål. I hovudsak til barne- og ungdomsarbeid, seier president Kristian Ose Silseth i Lions Club Ørsta.

Gåver

Lions har vore med å køyre i gang undervisningsopplegget «Det er mitt val» på nesten alle skulane i Ørsta. Dette er ei haldningskampanje mot narkotika og rusmiddel. I tillegg har Lions eit internasjonalt krisefond som dei har nytta i samband med øydeleggingane på Filippinane.

– Dette byrjar å verte tappa litt ned, og det er gjort vedtak om å doble innskotet til fondet, seier Langlo.

Alle innsamla midlar i Lions går ut att utan byråkrati.

– Vi er veldig opptekne av det som skjer i lokalsamfunnet, seier Silseth.

– Gjerne plassar der kommunen ikkje kan bidra med midlar. Her vert også Ørstakalenderen eit supplement. Salet startar no, og vi håper at folk vil støtte opp om dette, seier Langlo.