Komande helg framfører ballettskulen sitt siste show for sesongen og set med dette punktum for sirkuslivet for i sommar. Denne gongen er det alle dansarane innan klassisk ballett og samtidsdans som skal vise fram sirkusnummera sine.

Det fortel ballettskulen i ei pressemelding. Og skriv vidare:

«Publikum vil møte ein mektig sirkusdirektør og dei dyktige artistane i staben hans. Her får du sjå både klovnar, linedansarar, magikarar, tåspissdansarar, små ballongdansarar og popcorndansarar. I tillegg vert det akrobatar og dansarar som framfører eit forrykande show med stolar som rekvisittar. Her er det mykje å gle seg til.

Avgangselevane viser nydeleg solodans, og dei eldste elevane får danse i lag med dei i nydelege utdrag frå kjende ballettar. Dette blir verkeleg våren sitt vakraste eventyr.»

Analu Zidko, som har vore pedagog i Ørsta og Volda ballettskule sidan 2017, har koreografert framsyninga.

– Som styreleiar er eg svært stolt over kva ballettskulen nok ein gong klarer å få til, kommenterer Synnøve Rekkedal Hill.