Du veit kva du får om du går på nyttårskonserten til Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda. Det er kvalitet og entusiasme for musikken. I år viste dei også at dei er gode skodespelarar. Kanskje har det noko med at dei i år er dirigert av britiske Elizabeth Oltedal. Britisk humor har snert.

Symfoniorkesteret er eit orkester i særklasse.

Under Waltz of the Flowers baud musikarane både på blomefrieri - som utløyste allergi blant alle i orkesteret og dei jakta bier med insektshov

.

På insektjakt under Waltz of the Flowers. Foto: Janne-Marit Myklebust

Solist på Vilja av Franz Lehár, Solveig Kolstad Lien, stilte med rosa maske og var "sørgande" enke.

Dirigent Elizabeth Oltedal og songsolist Solveig Kolstad Lien. Foto: Janne-Marit Myklebust

Det heile toppa seg med nummeret "The Typewriter" med Eskild Backer Borgan som solist på skrivemaskin.

Dette er ikkje kvardagskost for ørstingar og voldingar. Og publikum likte det dei fekk servert.

- Det er utruleg kjekt. Det er fantastisk at vi har eit så flott orkester i vesle Ørsta og Volda, seier Sverre Sørdal.

Han er sjølv dirigent for ungdomssymfoniorkesteret, og motiverer såleis til rekruttering til symfoniorkesteret ved høgskulen.

Gabriels obo, vakkert framført av solist Lluis Calm Vidal. Foto: Janne-Marit Myklebust

Gabriels obo, med solist Lluis Calm Vidal var også ei stor publikumsfavoritt. I det heile baud orkesteret på kjent musikk for alle, med alt frå Nøtteknekkeren til tradisjonsrike Radetzky March, som er fast punkt på programmet under nyttårskonsertar over heile verda.

Orkesterleiar Øyvind Skatvedt Robak seier seg også nøgd etter konserten, saman med dirigent Oltedal.

Øyvind Skatvedt Robak og Elizabeth Oltedal. Foto: Janne-Marit Myklebust

- Dette gjekk veldig bra! Det er kjekt å spele ting publikum kjenner att, og det er kjekt for oss å spele ting som fengjer, då gir vi også meir.

Mykje publikum tok vegen til Høgskulen i Volda for å få med seg nyttårskonsertane til symfoniorkesteret i helga. Foto: Janne-Marit Myklebust
Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda. Foto: Janne-Marit Myklebust