I løpet av vinteren skal elevar frå hele 40 skular kjempe på radioen om å bli fylkets smartaste tiendeklassingar.

– Det er veldig artig. Dette har vakse for kvart år vi har heldt på med det. Det gjeld både her og på de andre distriktskontora. Dette er blitt ei stor og omfattande konkurranse som samlar og engasjerer, seier distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal, Hallstein Vemøy i ei pressemelding.

Tiandeklassingane ved Sæbø skule og Volda ungdomsskule tek del i Klassequizen i år. Begge skulane er dei siste ut i årets konkurranse, og dei får besøk tysdag 6. mars.

Onsdag 21. mars er fylkesfinale for Klassequizen, og den nasjonale finalen er i Oslo i starten av april. Det nye av året er at det skal kårast to fylkesvinnarar.

Anne-Mari Flatset og Øyvind Berge Sæbjørnsen er programleiarar for NRK Møre og Romsdal. Berge Sæbjørnsen skal besøk alle skulane på Sunnmøre