La forfattaren Erna Osland og formidlaren Janne Karin Støylen inspirere deg og vise deg ny nynorsk barnelitteratur for ulike aldersgrupper. Måndag opnar barnebokveka i Aasen-tunet og på kvelden møter du gjengen i Herøy bibliotek.

Måndag 21. oktober opnar Nynorsk barnebokveke i Ivar Aasen-tunet. I løpet av veka vil forfattar Erna Osland og formidlar ved Nynorsksenteret Janne Karin Støylen lese frå og fortelje om barnebøker på nynorsk på fleire bibliotek i fylket.

– Arrangementet er gratis og vi håpar å treffe både foreldre og tilsette i barnehagar og skular desse kveldane, seier prosjektleiar Anna Sunniva Sørbø i Ivar Aasen-tunet. Nynorsk barnebokveke er eit samarbeid mellom Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal, Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet og Sørbø vonar det blir eit årleg arrangement.

Kunnskap

– Vi veit at ønsket om meir kunnskap om nynorsk barneboklitteratur finst, og håpar Nynorsk barnebokveke blir ein naturleg samlingsstad for å oppfylle dette ønsket, avsluttar Sørbø. Erna Osland debuterte i 1987 med ungdomsromanen «Natteramnen» og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne og mellom anna fått Brageprisen, Norsk litteraturkritikars barnebokpris, Norsk barnelitteraturpris og Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur. Osland har vore festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009).

Litteraturformidlar Janne Karin Støylen frå "Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa" arbeider med å inspirere og motivere andre formidlarar til å skape leselyst og leseglede hjå born og unge. Ho vil snakke om god, nynorsk litteratur og tiltak som kan medverke til at born og unge har lyst til å lese (endå) meir. Ho vil presentere bøker som er tilpassa ulike aldersgrupper, førskuleborn, småskuleborn og born som er mellom 10–12 år.