Festspeldiktar Agnes Ravatn har denne veka vore på besøk på ungdomsskulane i Volda og Ørsta. Der har ho gitt mange gode råd om kva elevane kan tenkjer på når dei arbeider med ein tekst.

I sistetimen tysdag var det åttande og niandeklassingane på Sæbø skule som fekk innføring i skriveteknikkar.

– Eg vil lære dei verktøy og tenkemåtar som dei sjølv kan bruke når dei skal skrive historier. Mellom anna korleis ein skildrar personar og diktar opp personar som er interessante for ein sjølv å skrive om, og for lesarane å lese om. Kva er det som gjer at ein lev seg inn i litteratur, og korleis kan dei få lesarane til å leve seg inn i det ein skriv? Seier Ravatn.

– Med desse besøka har eg sjansen til å lære frå meg nokre metodar som kan det gjere kjekkare og enklare å kome i gang med historier ein sjølv skriv.

Første skulebesøk

Skulebesøka er ein del av «pakken» som høyrer med til det å vere festspeldiktar. For Ravatn var det ei ny, men interessant oppleving å stå framfor ei skuleklasse og fortelje om det ho arbeider med.

– Eg har alltid takka ned til skulebesøk fordi det har vore så skummelt. Ingen er så kritiske som ungdomen. Dei merkar fort kven som er «ekte». Ein slepp ikkje unna med tomme frasar. Men dette har vore veldig spanande. Mange av elevane har imponert meg. Det er absolutt ei utfordring eg burde ha teke tidlegare. Eg har også fått utvikla mine eigne tankar gjennom skulebesøka.

– Må vere ein god observatør

– Kva er viktig for å verte ein god skribent?

– Ein må vere ein god observatør og kunne setje seg inn i andre sine situasjonar. Kan ein ikkje formidle menneskelege kjensler på ein presis måte, vil ein heller ikkje få lesaren til å kjenne seg att. Mykje av krafta i litteraturen ligg i å kjenne seg att på eitt eller anna plan. Dess djupare ein grev i eigne røynsler, dess større sjanse er det for at ein treff lesaren.

Agnes Ravatn har gitt ut fleire romanar, sist «Fugletribunalet», ei bok ho fekk P2 sin romanpris for.