Dei to kunstlaga slo seg saman i fjor, og bidreg no med ti måleri kvar i den felles utstillinga. Ørnulf Opdal, Per Kleiva, Jan Groth, Killi Olsen, Nils Taklo og Marianne Heske er nokre av signaturane ein kan sjå på veggene i kjellaren på Kunsthuset i ein månad framover.

– Begge laga har store samlingar som berre har stått på lager. Vi ønskjer no å vise fram og presentere bileta, seier Monica Vatne Sørheim og Janne Heggvoll i Volda og Ørsta Kunstlag.

Noko av kunsten har ikkje vore stilt ut tidlegare, og nokre av måleria er datert heilt tilbake til 1943.

Utstillinga er den tredje kunstlaget har i år.

Ein av grunnane til at kunstlaget vel å stille ut og selje kunsten sin, er for å dekkje løpande kostnader og vedlikehald av bygget.

– Vi har veldig dyr drift her. Mellom anna er ikkje taket isolert, så det slukar straum. Vi har fyrt litt til kråkene i vinter, seier dei to. Dei håper mange vil møte opp og eventuelt ta med seg eit bilete heim.

– Diverre er det tungt å selje kunst no til dags. Slik er det over alt. Men vi i kunstlaget ønskjer at fleire skal få interesse for kunst og at folk kjem på utstillingane. Utan besøk kan vi ikkje halde fram, seier dei.

Utstillinga opnar klokka 12 laurdag og vert hengjande i om lag ein månad.