– I år har det gått veldig fint. Vi merkar at festivalen er i ferd med å setje seg, og at rutinane er på plass, stadfestar dagleg leiar for festivalen, Øyvind Johan Eiksund.

Meir publikum

I år var det fjerde gongen festivalen gjekk av stabelen, og laurdag var det stor avslutningskonsert i Volda kyrkje, med verket «Messe i stridstid». Volda sitt eige symfoniorkester stilte med nokre innleigde aktørar, og også festivalen sitt eige prosjektkor imponerte i kyrkja.

– Og det som er kjekt er at konsertane i år jamt over har vorte betre besøkt. Vi siktar på fulle hus, men der er vi ikkje heilt enno, men vi jobbar med det, seier Eiksund.

– Folk må forstå at dette er noko dei må prioritere. Vi må få det inn som ein rutine, og vi er innstilt på at det kan ta litt tid. Men det går rette vegen.

Nøgde festivalartistar

I Volda kyrkje laurdag var det rundt 140 betalande gjestar som fekk med seg den mektige framsyninga der verk av både Edvard Grieg og Franz Joseph Haydn var representert.

Festivalen varte frå 2.–4. mai, og det vart halde konsertar både i Ørsta kyrkje, Herøy frikyrkje, ved Høgskulen i Volda og i Fredheim i Ulsteinvik, i tillegg til avslutningskonserten i Volda kyrkje.

Undervegs i festivalen vart det også halde meisterklasser for unge, lokale musikarar. Innleigde, profesjonelle festivalartistar har både undervist og halde konsertar desse dagane.

– Det er ein arbeidsam festival for dei, og dei jobbar verkeleg, seier Eiksund.

– Dei likar også å spele for publikum her, og meiner dei er eit veldig lyttande og godt publikum. Og forunderleg nok syns dei det er fint her, trass i vêret vi har hatt.

Føremålet med festivalen er å gi folk i området eit tilbod om gode musikkopplevingar på høgt nivå. I tillegg til dette ønskjer festivalen å stimulere unge musikarar, og stimulere til generell vekst og utvikling i musikklivet i regionen. På den måten skil Sunnmøre Kammermusikkfestival seg frå andre kammermusikkfestivalar.