Før: Axel Lindahl fotograferte Sæbø i 1885 med utsikt mot Norangsfjorden og Slogen. Foto: Axel Lindahl, Norsk Folkemuseum

– Bileta viser ofte dramatiske endringar. Mykje har grodd igjen, og nokre stader har det skjedd store endringar i samfunnslivet

Knud Knudsen og Axel Lindahl fanga historiske bilete på film for over 100 år sidan. Dei siste atten åra har Oskar Puschmann gått i fotspora til dei store fotografane.